- Eg syntest ikkje eg var ugild meir enn andre folk på utvalsmøtet som er med i lag og organisasjonar, sa Jalle Bråthen på utvalsmøtet og på telefon etter møtet. Arkivfoto: Håvard Hammarstrøm

Vurderer inhabilitet og tydelege utleigereglar

- Spørsmålet om inhabilitet i ei sak må politikarane ta stilling til på møtet. Administrasjonen lagar no ei heilt ny og meir presis sak om utleigereglar til neste utvalsmøte, seier kommunalsjef Bjørn Håvard Bjørklund.

Publisert 14.02.2017 kl. 11.00.

Det er viktig at reglane for utleige av kommunale bygg blir forstått og handsama likt av alle. Dersom ikkje, kan kvar og ein utvisa skjønn og det kan føra til forskjellsbehandling. Det var noko Jalle Bråthen ville ha fram på siste utvalsmøtet, streka han seinare under.

- Administrasjonen lagar klar ei heilt ny sak om utleigereglar som gjeld både for skulebygg og andre kommunale bygg til neste møte i oppvekst, kultur og idrett, fortel kommunalsjef Bjørn Håvard Bjørklund. Arkivfoto.

Burde han ta saka opp?

No skal det skrivast ei ny og meir presis sak til neste utvalsmøte. På førre møte tok Jalle Bråthen (Ap) opp denne saka til diskusjon, og sidan han sjølv sit som dagleg leiar i Bremnes Idrettslag, vart han kritisert av Dag helge Hellen (Frp) som meinte at Bråthen ikkje hadde rett til å trekkja fram ei slik sak. Hellen meinte han var inhabil.

Bråthen var ikkje einig i at han var inhabil. Han meinte at han snakka for alle lag og organisasjonar som burde få låne lokale gratis frå kommunen. Sjølv hadde han med seg ei rekning på 17.000 kroner som BIL fekk etter ein fotballcup i fjor, der dei måtte leige klasserom til tilreisande fotballspelarar. Bråthen fortel at rekninga for lengst er betalt, men at ut frå dei utleigereglane som han oppfatta gjaldt, skulle BIL eigentleg ikkje ha betalt.

Ny sak om utleige

Saka om utleige av skulebygg vart utsett til neste utvalsmøte og reglane for inhabilitet skulle vurderast igjen.

- Dette med inhabilitet er noko me ikkje kan ta stilling til her i administrasjonen. Dette må politikarane stemma over på møtet. Men me kjem til å sjekke opp internt kva regler som gjeld. No blir det skrive ei heilt ny sak om utleigereglar for kommunale bygg til neste utvalsmøte. Då vil me òg ta med rådhuset som utleigestad i same saka. Den delen av rådhuset som snart er ferdig renovert, har òg vore brukt til utleige. Då må me sjå på desse retningslinjene i samanheng med den andre saka om utleige av skulebygg. Difor er det viktig at me førebur ei ny sak som er meir presis i ordlyden når det gjeld lover og reglar for utleige av kommunale bygg, forklarer kommunalsjef Bjørn Håvard Bjørklund.

Utlånsreglane som framleis gjeld

Fram til ny sak om utlånsreglar er kommen på bordet og eventuelt vedteke i neste utvalsmøte, er det eksisterande utlånsreglar som gjeld.

Det er desse Jalle Bråthen set fingeren på når han vifta med rekninga på siste utvalsmøte.

Utlåns- og utleigereglane for skulerom vart vedtekne i år 2000. I punkt ein står det klart og tydeleg: «Alle lag og organisasjonar som driv med kulturelt- og sosialt arbeid og alle som driv med opplæring og kursverksemd med offentleg stønad, får låna klasserom utan kostnad. Ved lån av spesialrom kan det avtalast ein leigesum med den enkelte skule.»

Det var her Jalle Bråthen (Ap) stilte spørsmål i forhold til BIL og lån av klasserom til ein fotballcup og han tok rekninga med på utvalsmøtet. Men så kom altså reaksjon frå Dag Helge Hellen (Frp) som sette fingeren på spørsmål om inhabilitet. Her opplevde etter kvart tre personar i utvalet seg som inhabile i saka, sidan dei alle er involverte i frivillige lag og organisasjonar.

Ein strekte spørsmålet så langt som til at dei «fleste var vel med i ein eller annan lag og organisasjon». Kor mange er det då som ikkje er inhabile i slike saker? vart det spurt om på utvalsmøtet.

Ueinig i ugildskap

- Me synest ikkje at me skulle fått rekning på lån av klasserom i fjor. Eg ville berre ta med denne rekninga til utvalsmøtet for å visa og dokumentera kva konsekvensar utleigereglane kan få. Det er feil at lag og organisasjonar skal måtte betale for drift av skulane, seier Jalle Bråthen (Ap). Han er ikkje einig at han var ugild i denne saka.

- Nei, eg synest ikkje at eg var ugild meir enn dei andre på møtet som er med i lag og organsiasjonar. Me er jo alle med i eit eller anna lag eller ein organisasjon! Dersom alle som er med der er ugilde, så har me ei utfordring. Eg såg heller ikkje på det som ein form for ugildskap å ta med ei rekning som eit eksempel. Kommuneadministrasjonen får sjekka opp i desse lovane og reglane ytterlegare, sa Bråthen (Ap) i førre veke.

Siste saker Gå til framsida

Til kvartfinale på walkover

Rubbestadnes speler i kveld kvartfinale i årets Macron vintercup. Siste kampen i gruppespelet enda med siger på walkover.

Havaristen passerte Bømlo

Lasteskipet «Tide Carrier» som gjekk på grunn utanfor kysten av Jæren i går passerte Bømlo på måndag.