Tidlegare Stord-ordførar Liv Kari Eskeland er i dag prosjektdirektør i Unitech. Ho jobbar med planane selskapet har i industriområdet i Rubbestadneset. Her står Eskeland saman med styreleiar Bernt Hellesøe. Foto: Håvard Hammarstrøm.

Unitech satsar tungt på forsking

Unitech satsar store summar på å etablere eit nytt forskingsmiljø med globalt kontaktnett. - Forskingssenteret skal bli ein bygning som innbyggjarane i Rubbestadneset kan vera stolte av.

Publisert 14.02.2017 kl. 07.00.

Det seier styreleiar Bernt Hellesøe. Bømlo-nytt fortalde nyleg om planane for utvikling av industriområdet i kommunedelsenteret. Unitech går saman med Los-gruppen om å investere opp mot ein halv milliard kroner i mellom anna ny teknologi-dokk og nytt forskings- og utviklingssenter. Los etablerer ny stor verkstadhall, her skal byggjast nytt administrasjonsbygg og Unitech skal etablere kabelfabrikk.

Fleire interesserte

Unitech og Los-gruppen reknar med å nytte om lag 60 prosent av det utvida industriområdet i Rubbestadneset. Fleire verksemder er interesserte i å etablere seg der, og Jakob Særsten i Los-gruppen rekna med at det kunne bli snakk om investeringar her for nær ein milliard kroner dei neste åra. Det kan resultere i fleire hundre nye arbeidsplassar.

FOU i høgsetet

Næringsminister Monica Mæland og pressa fekk presentert planane i Rubbestadneset. Hellesøe sa til statsråden at Noreg har lite å skryte av med omsyn til forsking og utvikling (FOU). Hellesøe meinte Noreg er mellom dei landa i verda som er dårlegast på innovasjon. Her var ikkje statsråden heilt samd. Ho peika på at Noreg er langt framme med omsyn til innovasjon innanfor olje, gass og oppdrett. Hellesøe peikte likevel på at god målretta forsking som faktisk fører fram til konkrete produkt er mangelvare. No skal det satsast på FOU i Rubbestadneset sa han, og presenterte planane for det nye FOU-senteret.

Breitt sett saman

Hellesøe sa at gruppa som skal driva forskinga fram i det nye senteret vil vera breitt sett saman. I eit stort rom på om lag tusen kvadratmeter vil det vera alt frå lærlingar til ingeniørar og personar med doktorgrad innanfor sine felt. Forskinga skal ha sine klare mål. Her skal ikkje berre vera forsking for forskinga sin skuld. Dette skal også vera eit testsenter, poengterte styreleiaren. Målet er at senteret skal stå klart til bruk alt i haust.

- Det å utvikle nye produkt er livsviktig. Det har vore ei ørkenvandring fram til no. No hastar det å komme i gang.

Estetisk fint

Bedriftsstyreleiaren seier til Bømlo-nytt at målet er å skape eit FOU-senter som tar seg godt ut i terrenget. Bygningen skal også vera miljøvennleg. Han ikkje er tilhengjar av å leggja heile industriområdet flatt i ei lite tiltalande «steinrøys». Hellesøe er også imot å setje opp dominerande nybygg på ein haug.

- Målet er at det skal sjå fint ut, at bygningen skal gli fint inn i terrenget. Det skal ikkje stå fram som prangande. Det skal bli ein bygning som innbyggjarane i Rubbestadneset kan vera stolte av.

Fornybar energi

I utgangspunktet er det Unitech og Los-gruppen som kan ta det nye FOU-senteret i bruk, men Hellesøe opnar for at også andre innanfor same bransje kan delta. Tore Kallevåg er styreleiar i klyngja Rubbestadneset.no. Under møtet med næringsministeren sa han at det er fleire selskap i klyngja som satsar tungt på FOU. Hellesøe heldt fram med å fortelja at det på FOU-senteret vil vera teknologikompetanse i toppklassen. Fornybar energi er eit viktig stikkord for forskinga på senteret. Eitt mål er å gjera det rimelegare å byggje ut fornybar energi. Hellesøe streka under at han ønskte samarbeid med forskingsmiljø både i og utanfor Europa.

Rubben og Kongsberg

Til lokalavisa seier Hellesøe at Rubbestadneset har ein over hundre år lang industrihistorie. Ei historie som har ført med seg knoppskyting og etablering av heilt unik ekspertise. Styreleiaren meiner utviklinga av teknologimiljø i Rubbestadneset og på Kongsberg har mykje til felles. I Rubbestadneset ligg det eit kraftsenter for maritim teknologi i Noreg. Hellesøe meiner Rubbestadneset difor er ein perfekt stad for satsing på innovasjon. Det han kallar aksjonsforsking og produktutvikling er vegen framover.

- Det som er viktig for oss er at dette handlar om målbar innovasjon.

Globalt samarbeid

Hellesøe har arbeidd med forsking og utvikling i USA, og har sjølv fått innblikk i korleis romfartsorganisasjonen NASA arbeidar med forsking. Det nye forskingssenteret i Rubbestadneset vil altså søkje samarbeid med forskingsmiljø i utlandet. Styreleiaren budde seg på å reise Europa rundt i eit nytt firmafly.

- Me ser mellom anna føre oss å samarbeide med tysk industri og universitet i Taiwan og California.

Unitech offshore

Alle tal 2015:
. Driftsinntekter: 174,1 millionar kroner
. Resultat før skatt: 40,1 millionar kroner
. Tilsette: 38
. Sum eigedelar: 210,1 millionar kroner
. Eigenkapitaldel: 53,7 prosent

. Styreleiar: Bernt Henrik Hellesøe.
. Bransje: Undervasskomponentar, kablar og koblingar, til olje- og gassnæringa.
. Hovudkontor: Bergen. Her har verksemda også ingeniøravdeling og produksjonsanlegg.
. Avdelingskontor: Houston, Singapore og Perth. Verksemda har også produksjon- og testanlegg på Eldøyane på Stord.
. Framtidsplanar: Etablere kabelfabrikk, forskingssenter, og multi purpose teknologidokk i Rubbestadneset.

Kjelder: Proff.no og www.unitechsubsea.com

Siste saker Gå til framsida

Til kvartfinale på walkover

Rubbestadnes speler i kveld kvartfinale i årets Macron vintercup. Siste kampen i gruppespelet enda med siger på walkover.

Havaristen passerte Bømlo

Lasteskipet «Tide Carrier» som gjekk på grunn utanfor kysten av Jæren i går passerte Bømlo på måndag.