Mostafa Askari fyller vatn på ei av ungdomsbedrifta sine bestseljarflasker. Frå venstre: Marthe Steinsland Sortland, Joakim Habbestad Løkke, Michelle Lilledal Grcic, Marie Aakre Aarland og Linda Våge. Foto: Nils-Tore Sele

Ungdomsbedrift med frisk flaskesatsing

Weflex er ungdomsbedrifta med elevar frå Bømlo vidaregåande skule som satsar på produkt passande ein travel kvardag.

Publisert 11.02.2017 kl. 07.01.

Vassflasker i ulik storleik og ein svart gympose med lekker, reflekterande bømladekor er produkta som dei seks ungdomane jobbar knallhardt med å marknadsføra og selja. Ungdomsbedrifta deira, Weflex AS, byggjer vidare på ungdomsbedrifta Sup som var i drift skuleåret 2015/2016. To av dei tilsette i Weflex var også med i den ungdomsbedrifta, nemleg Joakim Habbestad Løkke, dagleg leiar og Michelle Lilledal Gricic, sals- og produktansvarleg.

Dei andre som legg ned mange timar med innsats i Weflex dette skuleåret på vidaregåande, er Marie Aakre Arland, marknadsansvarleg, Mostafa Askari, økonomiansvarleg, Linda Våge, marknadsansvarleg og Marte Steinsland Sortland, IT-ansvarleg.

Joakim Habbestad Løkke, Mostafa Askari, Michelle Lilledal Grcic, Marie Aakre Aarland, Linda Våge og Marthe Steinsland Sortland. Foto: Nils-Tore Sele

Utvida utvalet

- Sup UB designa, marknadsførte og selde ei stor vassflaske. Då me sette i gang Weflex og vidareførte deira produktsatsing, var det mange som sa til oss at dei var interessert i å kjøpa mindre flasker. Det lytta me til og tilbyr no både halvliters- og literflasker, seier Weflex-gjengen.

Drikkeflaskene er i flott, sylindrisk design, pynta med bømladekor, der alt frå hoppande laks, omrisset av Siggjo, profilen til Bømlabrua, Slåtterøy fyr og bølgjene ut på havet er trykt utanpå glaset. Flaskene er funksjonelle, og kan brukast som alt frå drikkekarafell på middagsbordet til å vera med i tursekken eller ut på fotball- eller styrketrening.

- I tillegg til drikkeflaskene ønskte me noko meir å selja. Då kom idéen med å selja gymposar, seier Michelle Lilledal Gricic.

Her er den flotte bømlaprofilen frå flaskene overført, men i sølvgrå, reflekterande farge mot svart botn.


Jobbar mange timar

- Eit fint og unikt design med element frå Bømlo er viktig for oss, seier Weflex-ungdommane, som legg ned timesvis med innsats kvar veke i bedrifta si. Og då snakkar me ikkje berre om tilmålte timar i skuletida, både fritid og helgefri vert ofra for firmaet. I helgane har du gjerne sett desse ungdommane med stand på butikksentera på Svortland for å selja produkta sine.

- Men så er det veldig kjekt også. Eg for min del er mektig lei av teori etter mange år på skule no. Arbeidet med ungdomsbedrifta gjev meg derimot mykje. Eg får att gløden og det er med på å gjera skulen kjekk igjen for meg. Her må me gjera noko sjølv og det er både spennande og inspirerande, seier Linda Våge.


Lærer mykje

- Det er utruleg lærerikt å jobba med ungdomsbedrift. Me lærer å ta ansvar og å jobba sjølvstendig, seier Joakim Habbestad Løkke.

- Det tek seg godt ut på Cv-en vår, og mange bedrifter vil få tilsetja nye folk med røynsle frå ungdomsbedrift enn dei som ikkje har det, hevdar han.

Han tilrår alle ungdomar som går på vidaregåande skule til å starta ungdomsbedrift.

- Det er utruleg kjekt, og arbeidslivet treng unge menneske som har opparbeidd seg slike erfaringar, seier han, og får tilslutnad frå dei fem andre i firmaet.


Fekk pris

Weflex AS fekk ein skikkeleg god start då ungdomsbedriften vart etablert i fjor haust. Sup UB satsa i fjor på å retta seg inn mot privatkundar når dei selde flaskene sine. Weflex har hovudfokus på bedriftene, og har lukkast med strategien. På kundelista deira er passande nok BVA AS, det kommunale vassforsyningsselskapet på Bømlo. Andre bedrifter på kundelista er mellom anna Servogear og Siemens. Også Bømlo Turlag har handla inn vassflasker med bømladekor på. Ved to av spisestadene på Svortland er også produkta deira å få kjøpt.

- Me jobbar også med å knyta til oss andre bedriftskundar, seier Habbestad Løkke. I fjor selde Sup UB 600 drikkeflasker. Weflex har ikkje mindre ambisjonar.

- Salet går bra, men flaskene er berre på marknaden til mai. Då må me avvikla ungdomsbedrifta vår, seier dei seks ungdomane, som alle går studiespesialiserande utdanning på Bømlo vidaregåande skule.

Ungdomsbedrifta var med på utdanningsmessa på Stord for kort tid sidan, og utmerkte seg der ved å få pris for beste seljar mellom alle standane på Vikahaugane. Premien var ein sjekk på 1.000 kroner frå messearrangørane, og ei stor stoltheitskjensle av å ha klart det same som forløparen Sup UB greidde på utdanningsmessa i fjor.


Siste saker Gå til framsida

Til kvartfinale på walkover

Rubbestadnes speler i kveld kvartfinale i årets Macron vintercup. Siste kampen i gruppespelet enda med siger på walkover.

Havaristen passerte Bømlo

Lasteskipet «Tide Carrier» som gjekk på grunn utanfor kysten av Jæren i går passerte Bømlo på måndag.