Samson Øvstebø (midt i biletet) var kyndig vegleiar på kipekurset som Husflidslaget arrangerte i helga.

Tradisjonsrik lærdom i tradisjonsrik skulestove

Husflidslaga held liv i gamle handverkstradisjonar. Det gjer også Bømlo Husflidslag.

Publisert 16.02.2017 kl. 07.00. Oppdatert kl. 12.19.

I helga arrangerte dei «kipe-kurs». Samson Øvstebø auste av sine kunnskapar om korleis ein lagar kiper og tiner i Husflidsstova på Sakseid. Kurset var fullteikna med i alt tolv deltakarar.

Husflidslaga er normalt oppfatta som «dameforeiningar», men på kurset i helga deltok det også tre mannfolk.

- Dette var svært gledeleg, seier kursansvarleg Tone Vold.

Hun seier vidare at kipebinding er på raudlista over handverkstradisjonar som held på å forsvinne. Heldigvis er det mange som vil lære seg kunsten. Kanskje blir det fleire kurs seinare, seier ho.

Det vanskelegaste med bindinga er å klare å dele eineren (braken) i tynne band, slik at den blir god å bruke.

Deltakarane jobba intenst heile helga, og alle vart ferdige med produktet sitt. Nokre laga til og med to produkt!

Ein kjenner det i armar og fingrar når ein ikkje er van med det!

Samson Øvstebø var ein veldig dyktig kursleiar. Han hadde gjort mykje forarbeid, noko som gjorde at kursdeltakerne kunne få ferdige sine kiper og tiner i løpet av helga. Han brenn for at flest mogeleg skal lære seg kunsten med å binde kiper. Han snakka også om å lage tau av lindebast, bruke teger og mykje anna.

Deltakarane var godt fornøgde då dei gjekk heim med produkta sine!

Geir Einarsen - Tekst og foto

Full konsentrasjon. Tove Stautland Stokka var ei av dei som prøvde seg på kipemakar-kunsten.

Det gjekk med ein pakke og to med plaster, vedgår initiativtakar til kurset, Tone Vold.

Odd Engen prøver å få kipeband av braken.

Det går sakte men sikkert på fram.

Å hjelpa kvarandre er viktig, Her er det Agnes Grindheim som gjev dottera Øydis Grindheim ei hjelpande hand.

Siste saker Gå til framsida

Til kvartfinale på walkover

Rubbestadnes speler i kveld kvartfinale i årets Macron vintercup. Siste kampen i gruppespelet enda med siger på walkover.

Havaristen passerte Bømlo

Lasteskipet «Tide Carrier» som gjekk på grunn utanfor kysten av Jæren i går passerte Bømlo på måndag.