«Ramform Titan» er eitt av åtte seismikkskip omfatta av serviceavtalen som er inngått mellom Wärtsilä Norway AS og PGS Geophysical AS. Foto: Wärtsilä

Skal halda «strykejerna» i god stand

Wärtsilä Norway AS har sikra seg ein viktig serviceavtale med PGS Geophysical AS. Wärtsilä-selskapet skal vedlikehalda maskinar og framdriftssystema om bord i reiarlaget sine åtte seismikkskip, der dei fleste har det særprega strykejernsdesignet.

Publisert 15.02.2017 kl. 11.06.

Avtalen Wärtsilä Norway AS har fått med PGS Geophysical AS, vart underteikna i desember i fjor, og gjeld for tre år med opsjon på forlenging i to år til. Serviceavtalen går ut på at Wärtsilä-selskapet skal sikra optimal oppetid og sikker og økonomisk drift av maskin- og framdriftssystema om bord i reiarlaget sine åtte seismikkskip, kor hen dei måtte vera i oppdrag på dei sju hav.

Cato Esperø, salsdirektør i Wärtsilä Norway AS. Arkivfoto: Nils-Tore Sele

- God kunde

PGS-skipa opererer over heile verda for sine kundar med å kartleggja og analysera havbotnen med tanke på framtidig olje- og gassutvinning.

- Dette er ein kunde som Wärtsilä Norway AS har eit godt og langvarig forhold til. Me har arbeidd tett saman med dei i mange år. Kontrakten sikrar at me skal arbeida saman for endå meir optimalisert og effektiv drift av seismikkskipa deira, seier salsdirektør i Wärtsilä Norway AS, Cato Esperø.

Hans Petter Nesse, direktør for Wärtsilä si serviceverksemd i Noreg. Arkivfoto: Nils-Tore Sele

- Stolte

Første del av kontrakten inneber at Wärtsilä skal «optimalisere driften og vedlikeholdet av selskapets motorer og fremdriftssystem installert i PGS sine fartøy», står det skrive i ei pressemelding sendt ut om kontrakten.

Fire av seismikkskipa er dessutan tilknytte Wärtsilä si løysing for tilstandsovervaking, kalla CBM. Dette fører med seg automatisk overføring av data frå maskineri og framdriftssystem om bord til CBM-senteret, i dette tilfellet i Vasa, Finland, kor informasjonen vert analysert, og der ein får ei god overvaking av både driftssystema og kan gjera feilsøking. Wärtsilä kan dermed gje råd om kva som må til for optimal drift om bord, og om vedlikehald som må gjennomførast.

I den andre delen av kontrakten skal Wärtsilä i samarbeid med kunden sjå på og finna ut korleis deira digitale løysingar best kan brukast vidare for å oppnå endå betre resultat med tanke på effektiv drift av skipa.

- Me er veldig stolte over dette nye samarbeidet med PGS. For å sikra at ein stor flåte held seg tilgjengeleg og påliteleg, trengst det eit breidt servicenettverk, noko som me er i stand å tilby. Ved hjelp av Wärtsilä sine rådgjevingstenester kan PGS konsentrera seg om det dei er best på, å tilby seismikktenester for sine kundar, seier Hans Petter Nesse, direktør for Wärtsilä si norske serviceverksemd.


- Døropnar

- Kontrakten medfører at Wärtsilä Norway skal yta service på skipa der dei til ei kvar tid er i verda, og når det trengst må reiseoperatørar frå vår avdelingar eller samarbeidsavdelingar frå andre delar av Wärtsilä sitt globale nettverk ut på skipa. Kontrakten vert derimot styrt frå oss, og dei er ein norsk kunde, seier salsdirektør Esperø.

Han vil ikkje uttala seg om økonomisk ramme for kontrakten, men understrekar at den er både stor og viktig for Wärtsilä Norway AS.

- Dette er eit viktig partnarskap mellom oss, og eg ser på denne serviceavtalen som ein potensiell døropnar for andre kontraktar som me vonar å vinna i tida som kjem, fortel Esperø.

- Me er trygge på at me kan stola på dei maritime løysingane og ekspertisen til Wärtsilä og me ser fram til dei kommande åra med eit fruktbart samarbeid, seier Håkon Matheson, Global Sourcing Manager i PGS Geophysical AS om kontrakten som er inngått.




Siste saker Gå til framsida

Til kvartfinale på walkover

Rubbestadnes speler i kveld kvartfinale i årets Macron vintercup. Siste kampen i gruppespelet enda med siger på walkover.

Havaristen passerte Bømlo

Lasteskipet «Tide Carrier» som gjekk på grunn utanfor kysten av Jæren i går passerte Bømlo på måndag.