Lars Kåre Katla (PDK) fekk ikkje fleirtal for å følgje alternativ A1 (blå linje). Dermed ligg det an til bygging av ny veg etter alternativ A2 (raud linje). Arkivfoto.

Sakseid-Grutle vedteken

Reguleringsplanen som inneheld ny veg mellom Sakseid og Grutle vart vedteken av kommunestyret måndag kveld.

Publisert 15.02.2017 kl. 18.00. Oppdatert kl. 18.54.

Prosjektet er ein del av den kommunale vegplanen Bømlopakken. Leiar i utval for areal og samferdsle, John Magne Søvold, er mellom grunneigarane som blir råka av vegprosjektet. Han vart difor kjent ugild før saka vart handsama av kommunestyret. Også Kåre Thoresen Spissøy (MDG) vart kjent ugild og gjekk ifrå.

Diskuterte Sakseid

Statens vegvesen valde å dele opp vegprosjektet i tre delstrekningar. Delstrekning A er Sakseid-Kuleseid, delstrekning B er Kuleseid-Sele, medan delstrekning C er Sele-Grutle. På alle tre delstrekningane vurderte vegvesenet fleire traséval. Det var trasévalet forbi Sakseid som fekk merksemd då saka kom opp i kommunestyret. Innstillinga frå utvalet gjekk ut på at den nye vegen blir lagt på «baksida» av bustadfelta og gartneriet på Sakseid, det såkalla alternativ A2.

Betre alternativ

Lars Kåre Katla (PDK) meinte A1-alternativet var langt betre enn A2. A1 ville i hovudsak tyde oppgradering av dagens veg, og innløysing av to hus. A2-alternativet fører med seg ulemper både for miljøet og for gartneriet, peikte Katla på.

- Det er kjekt med nye flotte vegar, men det har sin pris. Hos Autoservice på Innvær er arbeidsplassar i fare av di ein her ville ha toplanskryss og 80 kilometer i timen. Her står Sakseid gartneri i fare for å bli lagt ned om A2 blir vald, sa Katla.

Burde velja A1

PDK-representanten synte også til fare for ureining og negativ påverknad av raudlisteartar og fiske. I tillegg er det ein akebakke som blir borte. Han synte til at fylkesmannen i første høyringsrunde gjekk inn for A1.

Katla synte også til at A1 var eit billegare alternativ, og fremja på vegner av DPK og MDG forslag om at dette alternativet vart vald. Samstundes bad han om at planen vart sendt tilbake for ny handsaming.

- Bømlo var tidlegare kjent for dei smale vegane. Eg har vore stolt av dei nye flotte vegane våre, men A2 vil vera ei stygg ripe i den byrgskapen.

Må komme vidare

Karsten Fylkesnes (KrF) er nestleiar i utval for areal og samferdsle. Han sa i kommunestyret at planen no hadde blitt handsama sidan april i 2014. No var det viktig å få planen vedteken slik at ein kunne komme vidare.

- Dette er ei vanskeleg sak, ikkje minst sidan vegen kjem tett opp i busettinga. Me i KrF meiner likevel at me her får ein trasé som blir god og trafikksikker. Eg håper difor me får breiast mogeleg fleirtal for innstillinga her i dag, sa han, og fekk sidan støtte frå Arbeidarpartiet.

Akebakke og skog

Inge Tverborgvik (Sp) gjekk på talarstolen. Han sa at partiet hans var oppteken av beitelandet og gartneriet.

- Me går inn for innstillinga, men føreslår eit ekstra punkt der me ber om ei justering slik at skogen på nordsida av gartneriet blir bevart. Dermed kan planteproduksjonen halda fram. Det er ei lita justering det er snakk om. Det er også viktig at akebakken blir teken vare på for tryggleiken til barna.

Vanja Espeland (V) var også oppteken av akebakken. På vegner av Venstre fremja ho forslag om eit tilleggspunkt om å ta vare på denne. Det var sådd tvil om kor mykje planane kunne justerast før heile planen måtte handsamast på nytt.

Framlegget til Katla fekk to røyster (PDK og MDG), framlegget til Venstre fekk to røyster (V), medan Senterpartiet sitt forslag fekk sju røyster (V, Sp, MDG, SV og PDK). Dermed fekk ingen av desse forslaga fleirtal. Innstillinga frå utvalet vart vedteken mot to røyster (PDK og MDG).

Siste saker Gå til framsida

Til kvartfinale på walkover

Rubbestadnes speler i kveld kvartfinale i årets Macron vintercup. Siste kampen i gruppespelet enda med siger på walkover.

Havaristen passerte Bømlo

Lasteskipet «Tide Carrier» som gjekk på grunn utanfor kysten av Jæren i går passerte Bømlo på måndag.