Store mengder plast og anna avfall vart plukka langs strendene på Espevær laurdag. Alle foto: Privat

Ryddeaksjon på Espevær

Laurdag samla folket på Espevær saman store mengder plastavfall frå strendene i den årlege ryddeaksjonen der.

Publisert 15.02.2017 kl. 12.08.

- Ja, Espevær grendautvalg har ein slik ryddeaksjon kvart år, der me reiser ut med båtar og samlar inn plast og anna avfall i strendene, seier leiar Arnulf Bie.

Laurdag var altså den store ryddedagen, og 20 personar, små og store, fastbuande og hyttefolk, var med og rydda.

- Korleis såg det ut, var det mykje å finna?

- Ja, det er mykje avfall, men at me har desse aksjonane kvart år, hjelper litt på. Det er ikkje SÅ mykje plast og anna rusk og rask som det har vore før, seier Bie. Han strekar likevel under at det er nok å ta av.

- Og ungane som er med oss, blir forundra over kva folk kan få seg til å kasta, dei stiller heile tida spørsmål ved om vaksne folk verkeleg kan kasta dette og hitt. Mellom anna fann me røyr og kassar og fire bildekk med felg, fortel Arnulf Bie.

Han seier at me bør kanskje snart byrja å tenkja over kva me gjer når me vurderer å kasta ting rett i naturen.

Det er helst på sørsida av Espevær det er verst, det har med havstraumar og vindretningar å gjera.

- Me var ute i tre timar laurdag, og du ser sjølv på bileta kva me henta inn. No skal det leverast til miljøsentralen, seier Arnulf Bie.

Både små og store, fastbuande og hyttefolk var med på den årlege ryddeaksjonen.


Plasten/avfallet skal leverast til Sim og miljøsentralen i Hollundsdalen.


Ryddeaksjon på Espevær laurdag.

Siste saker Gå til framsida

Til kvartfinale på walkover

Rubbestadnes speler i kveld kvartfinale i årets Macron vintercup. Siste kampen i gruppespelet enda med siger på walkover.

Havaristen passerte Bømlo

Lasteskipet «Tide Carrier» som gjekk på grunn utanfor kysten av Jæren i går passerte Bømlo på måndag.