Ungdomsskuleelevane i Rubbestadneset får truleg ikkje flytte før den nye skulen på Leite står ferdig.

Rubb-elevar lyt vente til 2018

Ungdomsskuleelevane i Rubbestadneset må vente til nye Bremnes ungdomsskule står ferdig før dei får flytte.

Publisert 16.02.2017 kl. 11.01.

Det kom fram i kommunestyret måndag denne veka. Birger Rogne (Ap) tok opp situasjonen for elevane på Rubbestadneset skule under posten spørsmål og interpellasjonar.


Ønskjer flytting

Rogne retta særskilt merksemd mot dei som går i sjuandeklasse og åttandeklasse i Rubbestadneset i inneverande skuleår, og som byrjar i høvesvis åttandeklasse og niandeklasse til hausten.

- Foreldra lurer på kva som skjer, og kva tid elevane skal flytte over til Bremnes ungdomsskule, sa Rogne.

Han synte til at det store fleirtalet av foreldra til elevane i desse to klassestega er for flytting til Bremnes ungdomsskule.


Vil flytte i haust

Nye Bremnes ungdomsskule skal etter planen stå ferdig 10. mars 2018.

Mange foreldre i Rubbestadneset meiner det vil vera ein fordel at elevane frå Rubbestadneset får byrje på Bremnes ungdomsskule kommande haust.

Slik sett vil elevane vera godt integrerte og sikra godt klassemiljø før dei flyttar inn i nye Bremnes ungdomsskule mot slutten av neste skuleår. Rogne synte til at foreldre i Rubbestadneset hadde blitt lova tilbakemeldingar ved fleire høve. Dei venta framleis på svar.


Lyt vente

Rådmann Geir E. Aga svarte til Rogne at det vil vera ei dårleg løysing å flytte elevar frå Rubbestadneset til Bremnes ungdomsskule før den nye skulen står ferdig.

Eitt moment er ekstrakostnaden som skuleskyssen vil føra med seg. Det viktigaste er likevel at dagens Bremnes ungdomsskule er i svært dårleg stand. Skulen er ikkje godkjent og blir driven på dispensasjon.

- Inneklimaet på skulen er dårleg. Det vil ikkje vera gunstig å la fleire elevar byrje på skulen. Me vil difor gå inn for at alle elevane byrjar på skulen samtidig, sa Aga.

Han antyda at det kunne skje i april neste år. Under orienteringane sa rådmannen at bygginga av den nye ungdomsskulen så langt ligg litt føre skjema.


Siste saker Gå til framsida

Til kvartfinale på walkover

Rubbestadnes speler i kveld kvartfinale i årets Macron vintercup. Siste kampen i gruppespelet enda med siger på walkover.

Havaristen passerte Bømlo

Lasteskipet «Tide Carrier» som gjekk på grunn utanfor kysten av Jæren i går passerte Bømlo på måndag.