- Eg vil berre jobbe i barnehage, seier Lise Torkelsen (23) som er elev på VG2 barne- og ungdomsarbeidarfaget ved Bømlo vidaregåande skule. Ho søkjer lærlingplass til hausten.

Redd ho ikkje får lærlingplass

Lise Torkelsen (23) er redd ho ikkje får lærlingplass i barne- og ungdomsarbeidarfaget til hausten.

Publisert 12.02.2017 kl. 07.00.

- Eg er veldig redd for å ikkje få lærlingplass! No er eg 23 år gammal og har tidlegare teke fagbrev i akvakultur. Men det er ikkje så lett å få bruk for dette fagbrevet i desse dagar, seier Lise Torkelsen som går på VG2 barne- og ungdomsarbeidarfaget ved Bømlo vidaregåeande skule.

Lise Torkelsen tok ein prat om lærlingplass med Jan Helge Møgster, personalrådgjevar i Bømlo kommune på utdanningsmessa for eit par veker sidan.

Berre private barnehagar

Bømlo-nytt snakka med Torkelsen på Utdanningsmessa for nokre veker sidan. Då stod ho i samtale med Jan Helge Møgster, personalrådgjevar i Bømlo kommune, om dette temaet.

Kommunen har berre private barnehagar som ikkje er pliktige til å ta i mot lærlingar frå kommunen. Private barnehagar og andre private verksemder kan søkja Hordaland fylkeskommune om å bli godkjend lærlingplass.

Ragnhild Ravna Skjærvik fortel at Opplæringskontoret kvart år oppmodar bedrifter til å søkja Hordaland fylkeskommune om godkjenning som lærlingplass.

Ønskjer å jobbe i Maurtua

- Eg har veldig lyst til å jobbe i Maurtua barnehage. Eg sende inn ein søknad til dei for nokre veker sidan. Problemet er at me er seks barne- og ungdomsarbeidarar som skal ha lærlingplasser frå hausten. Eg har snakka med Ragnhild Ravna Skjærvik ved Hordaland fylkeskommune sitt opplæringskontor på Stord, seier Lise Torkelsen til Bømlo-nytt.

- Me tar inn eit par lærlingar i barne- og ungdomsarbeidarfaget, men det blir til grunnskulen, SFO og mellomtrinnet, seier Møgster.

- Eg vil berre jobbe i barnehagen. Eg vil jobbe med små born i staden for matfiskanlegg, som eg kunne brukt det andre fagbrevet mitt til. Det er ikkje dette eg vil no! No vil eg ha nytt fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget, seier Lise Torkelsen med tyngde i stemma, henvendt til Møgster.

I fjor tok Robert Halleraker (H) opp spørsmål i utval for oppvekst, kultur og idrett om det var mogeleg å få til ein samarbeidsavtale mellom kommunen og dei private barnehagane, der barnehagane ytte tilbod om lærlingplass til barne- og ungdomsarbeiderfagelever sidan kommunen betalar driftstilskot til dei private barnehagane.


Oppmodar alle om å søkja

No er det slik at dei som driv private verksemder kan bestemma sjølv om dei ønskjer å søkja godkjenning som læreplass stadfestar Ragnhild Ravna Skjærvik ved opplæringskontoret i Hordaland fylkeskommune.

Alle bedrifter kan søkja om å bli godkjende som lærebedrifter. Hittil er det to private barnehagar på Bømlo som er godkjende. Det er Espira Hollund og Espira Salamonskogen barnehagar. Tidlegare var det slik at elevar som ville bli barne- og ungdomsarbeidarar måtte ha praksis både frå skule og barnehage. Dette gjorde at Bømlo kommune og barnehagane samarbeidde om lærlingane. Dette er ikkje noko krav lenger i den nye læreplanen. Det tar tid å endra ein tradisjon om samarbeid om praksiplasser. Bømlo kommune har i dag berre ansvar for eigne lærlingar.

- Me oppfordrar alle private barnehagar å søkja om å bli godkjent lærebedrift. Det er fylkeskommunen som administrerer lærlingordninga for vidaregåande skular og det er dei som godkjenner lærebedrifter. Kvart år ringjer og sender me mail til barnehagar og andre verksemder der me oppmodar dei om å søkja om å bli lærebedrift, seier Skjærvik. Ho fortel at 1. mars i år går søknadsfristen ut for å søkja om læreplass frå hausten.

- Då får me vita kor mange som søkjer læreplass i år, forklarer Skjærvik.


Lærebedriftene får tilskot

Alle bedrifter som blir godkjente som lærebedrifter får tilskot frå fylkeskommunen som skal dekkja utgifter til opplæring av lærlingen.

Tilskot for å ta inn lærling med ungdomsrett er på kroner 6.168 pr. månad, gjeldande frå 01.01.17. Tilskot for å ta inn lærling utan ungdomsrett er på kroner 4.770 pr. månad, gjeldande frå 1.01.17. Løn under utdanning skal avtalast med lærebedrifta.

I Hordaland har talet på barne -og ungdomsarbeiderfaglærlingar med kontrakt auka i perioden 2014 til 2016. Både lærlingar og lærekandidater er tekne med i desse tala. Ein lærling som starta i 2014 vil framleis visa i statistikken for 2015 fordi læretida normalt er to år.

I 2014 var det 232 slike lærlingar, i 2015 var det 256 og i 2016 var talet auka til 299.


Siste saker Gå til framsida

Til kvartfinale på walkover

Rubbestadnes speler i kveld kvartfinale i årets Macron vintercup. Siste kampen i gruppespelet enda med siger på walkover.