Turgåarar i titusenvis finn vegen opp til Siggjo og slitasjen er stor på stigen. Sherpatrapper kan vera med å gjera vegen opp tryggare. Foto: Hans Otto Robberstad

Parkeringsproblem bremsar sherpastig opp Siggjo

Det dreg ut i tid før sherpaar set i gang med å byggja steintrapper langs stigen på austsida av Siggjo. Før endå fleire kan gå på tur opp på toppen, må meir parkering til.

Publisert 15.02.2017 kl. 20.01.

Grunneigarane vil ha utbetring av parkeringsforholda nede ved fylkesvegen før dei godtek at stigen på austsida av Siggjo vert rusta opp. På godvêrsdagar er parkeringskapasiteten sprengt sørom Siggjarvågen, der turstigen går på austsida av Siggjo. Det blir parkert på vedlagringsplassar og framom bommen ved turstigen, slik at bilane risikerer å blokkera planlagt aktivitet i området frå grunneigarane si side.

Hein Råby Schaug leiar gruppa som jobbar med å få til ei oppgradering av stigen på austsida av Siggjo. Utfordringa som må løysast først, er å skaffa meir parkering. Arkivfoto.

- Ei utfordring

- Grunneigarane er ikkje imot at stigen vert opprusta, men meiner at parkeringsareala må utvidast før arbeidet med stigen tek til. All røynsle Geir Vetti og hans sherpaar har gjort seg, seier nemleg at når ein turstig har blitt gjort lettare tilgjengeleg ved at dei har murt opp steintrapper, så doblar trafikken på turstigen seg. Alt i dag er parkeringskapasiteten sprengd i området rundt turstigen, fortel aktivitetsleiar i Bømlo Turlag, Alf Kristian Selle.

Han seier at Bømlo kommune sit med nøkkelen til det vidare arbeidet.

- No har stigopprustingsprosjektet stoppa litt opp. Det er kommunen som må i dialog med grunneigarane i spørsmål om regulering og kjøp av grunn til meir parkeringsplassar, seier Selle.

- Det er rett at parkering er ei utfordring i dette arbeidet, seier Bjørn Håvard Bjørklund, kommunalsjef for oppvekst og kultur i Bømlo kommune.

Bjørklund har vore med på på arbeidet med å planleggja sherpastig opp til Siggjo.

Bjørn Håvard Bjørklund, kommunalsjef for oppvekst og kultur i Bømlo kommune, meiner det er viktig å sjå heilskapleg på det viktige, lokale folkehelseprosjektet med å få ein betre turstig opp på Siggjo. Arkivfoto: Nils-Tore Sele

Breidt samansett gruppe

- Det er sett ned ei breidt samansett prosjektgruppe for å arbeida med utbetring av stigen. Dei har hatt fleire møte. Geir Vetti som formidlar denne type sherpaoppdrag i Noreg, kom også til Bømlo i fjor for synfaring langs stigen til Siggjo, seier leiar i Bømlo Turlag, Nils Magne Helle. Han seier at turlaget har to medlemer i prosjektgruppa, det er Asbjørn Mæland og Hein Råby Schaug.

Utanom turlaget, sit grunneigarar, kommunale representantar og representantar for idrettsrådet og to grendautval i prosjektgruppa.

- Eg er ikkje samd i at arbeidet har stoppa opp, heller ikkje at det berre er grunneigarane som krev betre parkering i området. Heile prosjektgruppa står bak synet om at det er viktig å ta parkeringsproblematikken først, seier Hein Råby Schaug, som er leiar for gruppa som arbeider med å få sherpastig til siggjatoppen.

Flott utsikt frå siggjahadlene over resten av Sunnhordland. Foto: Hans Otto Robberstad

Involverer friluftsrådet

- Det vil ta tid å få orden på parkeringa. Det kjem nok ikkje til å skje noko med stigen i år. Eg håpar at noko kan komma til å skje i 2018, for då bør ein kunna ha på plass det formelle om meir parkering. Å få regulering på plass for meir parkering vil ta tid, så har me jobben med å skaffa finansiering til oppkjøp og opparbeiding av parkeringsareal. Det er meir midlar på marknaden å søkja om til utarbeiding av turstigar enn det er til parkeringsområde i samband med desse stigane, fortel Råby Schaug.

Han ser kommunen som viktigaste samarbeidspartnar for å få dette på plass.

- Me ser på korleis dette kan løysast, seier kommunalsjef Bjørklund.

- Me vil kontakta Friluftsrådet vest, og bruka deira kompetanse på området når det gjeld å få tak i ekstern finansiering til parkeringsområdet, fortel han.

Kommunalsjefen fortel at interessa er stor for turmålet Siggjo, og at ein difor må sjå på korleis ein legg best mogleg til rette for at flest mogleg kan komma seg opp på fjellet i framtida.

- Frå kommunen si side er det viktig å tenkja heilskapleg på dette, understrekar han.


Millionprosjekt

I prosjektgruppa som arbeidar med stigutbetring til siggjatoppen som hovudarbeidsoppgåve, er det med medlemer frå turlaget, grunneigarar, kommunen, Bømlo idrettsråd og grendautvala i Rubbestadneset og på Moster. Dei ser for seg at det må byggjast steintrapper langs minst to-tre etappar av stigen, for å gjera denne både enklare og tryggare for turfolket.

Prosjektet vil ha millionkostnad, og blir kanskje så stort at det må delast opp i fleire etappar før det kan gjerast ferdig.

- Kor mykje som vert gjort, er avhengig av kva pengesum som er til rådvelde. Me kjem nok ikkje i mål med ein million kroner. Det som kostar er helikoptertransport av stein opp langs stigen, og det vil også ha tyding kor steinen kjem frå. Må me få tak i stein eit stykke frå stigen, aukar også transportkostnadene. Skal me til dømes oppgradera heile stigen med trapper, så snakkar me om mange millionar kroner, utan at me har rekna på dette i detalj enno, seier Råby Schaug.


Enorm utfart

Fleire stadar er stigen blitt dårleg med lause steinar, steinrøyser og røter ein kan snubla i, etter stor slitasje frå dei mange turgåarane. Slitasjen kjem seg av at fjelltoppen i fleire år har vore det mest populære turmålet i Sunnhordland. I tillegg grev regnvatn mykje av stigen vekk.

- Mange seier at stigen opp på Siggjo var dårleg før også, men eg er viss på at om nokon tok eit bilete av stigen for 10 år sidan og eit nytt foto på same plass no, så ville dei sett kor mykje større slitasjen er blitt, seier Råby Schaug.

Ifølgje dokumentasjon som Bømlo Turlag sit på, er det årleg rundt 40.000 menneske som går opp på toppen. Truleg er talet ein god del høgare, fordi det digitale teljeverket som er sett opp ikkje måler trafikken opp på fjelltoppen frå stigen i vest, frå Åreiddalen.

Hos bømlingar er fjellet eit populært turmål, men det gjeld også i stor grad for innbyggjarane i nabokommunane i regionen og frå Haugalandet.

- Også mange utanlandske turistar tek seg turen opp på Siggjo, minner Råby Schaug om.




Siste saker Gå til framsida

Til kvartfinale på walkover

Rubbestadnes speler i kveld kvartfinale i årets Macron vintercup. Siste kampen i gruppespelet enda med siger på walkover.

Havaristen passerte Bømlo

Lasteskipet «Tide Carrier» som gjekk på grunn utanfor kysten av Jæren i går passerte Bømlo på måndag.