Mange vil rydda strender

Både Bømlo kommune og Sim har fått ein del telefonar frå folk som ønskjer å gjera ein innsats for å rydja strandlinja.

Publisert 16.02.2017 kl. 16.00.

- Hittil så viser me folk vidare til Sim (Sunnhordland interkommunale miljøverk) som har eit eige strandryddeopplegg, seier landbrukssjef Njål Gunnar Slettebø.

Etter at folk fekk sjå bilete av kvalen som hadde buken full av plast frå havet, har reaksjonane komme. No melder fleire seg til strandrydjing, Men blir det noko strandrydjing i kommunal regi her i Bømlo?

- Me i kommunen vil først vente på og sjå om det er behov for noko rydjeaksjon i kommunal regi. Ein del folk som har ringt oss om at dei ønskjer å rydda strender, har me tilvist vidare til Sim. Me har eit godt samarbeid med både Sim og miljøstasjonen. Nei me har ikkje teke opp problemet med plast i strender i Naturbruksutvalet no, seier Slettebø som òg er sekretær der.


Rydjeaksjonar

- Me har merka ein veldig pågang av folk som i desse dagar har meldt seg på og vil rydde strender. Det er mest lag og organisasjonar som kontaktar oss og vil gjera dugnadsarbeid. Me har i fleire år hatt mogelegheit for at folk kan melda seg på strandryddeaksjoner. Men etter kvart kunne me søkja om midlar frå Miljødirektoratet til desse aksjonane. I 2015 fekk me 300.000 kroner til slike miljøtiltak og i 2016 fekk me 600.000 kroner. Dette er pengar som er øyremerkja til strandrydjing.

- Dei som ønskjer å rydda ei strand, kan berre gå inn på heimesida vår sim.no og søkja om dette. Lag og organsiasjoner kan få ein symbolsk sum i støtte for dette rydjearbeidet. Søppelsekkene deler Sim ut gratis og me tar i mot dette avfallet gratis, seier Arild Vik, driftsleiar i Sim.

På heimesida www.sim.as informerer dei om at dei ønskjer å setja fokus på marin forsøpling som har utvikla seg til eit stort samfunnsproblem. Frå å vera eit visuelt problem er forsøpling av kyst og hav noko som no trugar både fuglar, dyr og menneske. Ein veit at størstedelen av avfallet som hamnar i sjøen er plastavfall. Plasten blir til små partiklar som igjen hamnar i kretsløpet til dyr, fiskar, fuglar og folk.


Like gale to år seinare

Arild Vik fortel at det i 2015 vart sett i gong strandrydjing langs Bømlo-strender og strendene såg strokne ut.

- Men no får eg inn bilete frå folk frå dei same strendene og ser at det er like mykje forsøpla som før førre rydjeaksjon, seier Vik.

- Dei strendene som blir prioriterte til rydjeaksjonar er slike strender eller sjøkantar som alle har tilgang til, og som ikkje enkelte allereie har ansvar for å rydda. Friluftsrådet er flinke til å rydda eigne strender, seier Vik.


Siste saker Gå til framsida

Til kvartfinale på walkover

Rubbestadnes speler i kveld kvartfinale i årets Macron vintercup. Siste kampen i gruppespelet enda med siger på walkover.

Havaristen passerte Bømlo

Lasteskipet «Tide Carrier» som gjekk på grunn utanfor kysten av Jæren i går passerte Bømlo på måndag.