Knut Stian Rimmereid, byggjeleiar for Statens vegvesen og Bjarte Maraas i BMO elektro. Stolt registrerer byggjeleiaren at mastene har fått Vegvesenet sitt merke på seg.

Lys på plass i Storesvingen

Gratulerer til alle turgåarar på Rubbestadneset. Statens vegvesen har no fått overlevert 21 lysmaster med lys i.

Publisert 13.02.2017 kl. 16.00.

Onsdag i førre veke overleverte Bjarte Maraas i BMO elektro det ferdige prosjektet til Vegvesenet sin byggjeleiar, Knut Stian Rimmereid. Rimmereid og Maraas tok turen langs den gamle bilvegen på nedsida av tunnelen. Rimmereid skulle sjekka utføringa i fullt sollys. Seinare skal han tilbake nattetid og sjekka om lysstyrken er tilfredsstillande. Lampane har ledlys og er knytte til vegtrafikksentralen i Bergen. Det skal tryggja drifta. Om ein sikring ryk, eller lyset sloknar av andre årsaker skal ein sleppa å venta lenge på utbetring, om det ikkje er meir omfattande feil sjølvsagt.

- Korleis vert dette, vil lyset slokna på eit tidspunkt om kvelden?

- Nei, dette er lys som vert styrt av mørket kring, det slår seg på i skumringa og blir verande på så lenge det er mørkt, forklarer Rimmereid.

Nye lysmaster med 28 meters mellomrom langs heile løypa.

Synfaringa

Langs anlegget ser alt fint og ryddig ut.

- Det står berre att litt snisking langs kantane her, seier ein nøgd byggjeleiar i Vegvesenet.

- Kor lenge har de jobba her for å få dette ferdig?

- Anleggsarbeidet starta i starten av desember i fjor, og kom i drift i forrige veke, no leverer me det til Vegvesenet, smiler ein nøgd Bjarte Maraas. - Men me skal altså gjera det litt finare langs kantane her. Lysa lyser berre ned og er skjerma mot himmelen og skal forstyrra synet mot stjernene minst mogeleg. No kan ein altså gå eller sykla trygt på denne vegen døgeret rundt.

Siste saker Gå til framsida

Til kvartfinale på walkover

Rubbestadnes speler i kveld kvartfinale i årets Macron vintercup. Siste kampen i gruppespelet enda med siger på walkover.

Havaristen passerte Bømlo

Lasteskipet «Tide Carrier» som gjekk på grunn utanfor kysten av Jæren i går passerte Bømlo på måndag.