29. juli 1924 vart 900-årsjubileet for Kristenretten markert på Moster. Kong Haakon 7. var til stades og det samla seg mellom 8000 og 9000 menneske rundt den gamle mostrakyrkja for å høyra kongen tala. Biletet er frå Kannelønning-samlingane og er lånt ut frå Moster Museum.

Kan bli nytt riksjubileum på Moster om sju år

Rådmannen går inn for eit riksjubileum på Moster i 2024 for å markera vart Kristeneretten vart sett der i 1024.

Publisert 13.02.2017 kl. 10.48.

Måndag får kommunestyret saka på sitt bord. Politikarane skal då ta stilling til om det skal jobbast fram eit forprosjekt om det som kan bli eit nytt 1000-årsjubileum på Moster, 24 år etter det førre.

I 2024 er det 1000 år sidan Kristenretten vart sett, den første av i alt fire kristenrettar som vart sett kringom i landet på 1020-talet.

Kristenretten på Moster la mellom anna grunnlaget for rettsstaten, der det enkelte mennesket er ansvarleg for gjerningane sine. Kristenretten, dei nye lovene, vart sett på Mostratinget av kong Olav Haraldsson og bisp Grimkjell.


Forbod mot søndagsarbeid

Konkrete døme på samfunnsendringar som følgde med Kristenretten var at det mellom anna vart forbode å arbeida om søndagane. Borna skulle døypast og det var ikkje lov å setje dei ut i skogen.

Fleirkoneri vart forbode, og ein skulle gravleggjast på kyrkjegardar og ikkje i haug.

Kyrkjene skulle haldast ved like årleg og det vart møterett på det årlege tinget for eit visst tal representantar frå kvart område.

Kyrkja vart dermed lovfesta som eden sentrale samfunnsinstitusjonen, heile landet fekk like lover og det vart innført eit samfunnsbyggjande, regulert skattesystem, står det i saksutgreiinga.


Må sjå framover

Rådmannen skriv i saksutgreiinga at eit riksjubileum om Kristenretten ikkje berre må dvele ved det historiske, men at det også må knytast til samtida og framtida på ulike nivå.

Barn og unge er nemnde som sentral målgruppe. Det kan inngåast samarbeid med utdanningssektoren, leggjast opp til forskings- og utviklingsarbeid, leggjast til rette for ulike kunst- og kulturuttrykk, debatt og publikasjonar.

Eit slikt jubileum kan vidare inspirera til interkommunalt og interregionalt samarbeid, og ein kan vurdera om det er grunnlag for eit nasjonalt senter på Moster om Olav Haraldsson, og statsdanninga som skjedde gjennom Kristenretten.

Rådmannen nemner dessutan ulike aktuelle samarbeidspartnarar som den nye Høgskulen på Vestlandet, Festspela, Kyrkja, Bispedømmerådet, museum osb.

Han skriv også i saksutgreiinga at sjølv om Bømlo har røynsle med å leie nasjonale jubileum frå 1000-årsjubileet i 1995, vil eit nytt jubileum stille store krav til organisering, infrastruktur, samhandling og informasjonsarbeid. Han meiner det difor vert avgjerande at det vert sikra tilstrekkeleg kapasitet og ei tenleg organisasjonsform i det vidare arbeidet.

Dersom politikarane går inn for å markera 1000-årsjubileet for Kristenretten, skal det etablerast eit forprosjekt saman med Hordaland fylkeskommune. Dei skal bruka tida fram til sommaren 2018 mellom anna til å sjå på organisering, selskapsform, satsingsområde, finansieringsmuligheter, partnarskap og framdriftsplan. Mandatet for forprosjektet skal utarbeidast i samarbeid mellom kommunen og fylkeskommunen. Det ligg også andre føringar i vedtaket for korleis dette skal gjerast, og som politikarane skal drøfta måndag.

Rådmannen konkluderer i saka med at eit nasjonalt 1000-årsjubileum knytt til innføringa av Kristenretten i Noreg vil vera eit stort løft for Bømlo og Hordaland, og vil bidra til å stadfeste Bømlo sin sentrale plass i Noregshistoria.


Siste saker Gå til framsida

Til kvartfinale på walkover

Rubbestadnes speler i kveld kvartfinale i årets Macron vintercup. Siste kampen i gruppespelet enda med siger på walkover.

Havaristen passerte Bømlo

Lasteskipet «Tide Carrier» som gjekk på grunn utanfor kysten av Jæren i går passerte Bømlo på måndag.