Leiar i Bømlo Turlag, Nils Magne Helle, vonar at alt det formelle snart er klart rundt tomtekjøpet til kysthytta som skal reisast på Bømlo. Foto: Nils-Tore Sele

Har ny tomt klar for kysthytte på Bømlo

Bømlo Turlag driv godt og aktivt, men manglar enno det vesle ekstra. I vår kan eit viktig ønskje bli oppfylt.

Publisert 13.02.2017 kl. 10.01.

- Me har ei tomt på hand. Det meste er avtalt og avklart, men me kan enno ikkje seia kor kysthytta blir bygd før alt det formelle er på plass. Det som er sikkert er at hytta vil bli bygd i finnåsområdet, seier Nils Magne Helle i Bømlo Turlag.

Nils Magne Helle, leiar i Bømlo Turlag fekk gode ord for aktiviteten i laget frå styreleiar i Bergen og Hordaland Turlag, Tore Johan Smidt. - No håpar me berre at kysthytta på Bømlo kjem snart, seier Smidt. Foto: Nils-Tore Sele

Får ros frå Bergen

Onsdag kveld var det årsmøte i turlaget, og styret blir det same som i fjor. Alle som var på val takka ja til attval, og vart valde inn ved akklamasjon av dei frammøtte på årsmøtet.

På årsmøtet stilte også Tore Johan Smidt, styreleiar i Bergen og Hordaland turlag, der Bømlo er eitt av 14 lokallag tilknytte.

Smidt orienterte om drifta i fylkeslaget, og gav ros til bømlingane.

- Dei er flinke og held høg aktivitet med mange turar, og har ein fin vekst i medlemstalet. No håpar me berre at kysthytta som skal byggjast her, snart blir noko av. Me ser fram til å sjå denne hytta ferdig. Dette blir den einaste kysthytta til Bergen og Hordaland turlag. Me har per i dag 25 hytter som me driv, men dette er alle fjellhytter, fortel Smidt til Bømlo-nytt.

Nils Magne Helle er leiar i Bømlo Turlag. Foto: Nils-Tore Sele

Skal romma 30 overnattingsplassar

Draumen om ei kysthytte her på Bømlo under Bergen og Hordaland turlag sin vidtfemnande organisasjonsparaply, er like gammal som Bømlo Turlag sjølv. Då dette vart stifta vinteren 2012, var det Kristin Krohn Devold, dåverande generalsekretær i Den norske turistforening som kom med idéen, då ho var til stades og kasta glans over stiftingsmøtet til lokallaget.

- Det har teke lang tid, lenger tid enn det me hadde ønskt oss å få dette på plass. Me hadde ein intensjonsavtale om ei tomt i Melkevik ved Kuleseidkanalen, men så fall det vekk av ulike grunnar i 2015. Sidan har me brukt tida til å sjå på mange tomtealternativ, alle i finnåsområdet, seier Helle.

Han håpar at alt det formelle skal vera på plass i løpet av våren i år.

- Har de teikningar klare for utforming av kysthytta som skal byggjast?

- Nei, det arbeidet set me i gang med når tomta er kjøpt, seier Helle.

- Kor stor overnattingskapasitet vil hytta få?

- Me tenkjer oss ei hytte med mellom 20 og 30 overnattingsplassar. Me meiner at hytta må vera så stor at ein skuleklasse kan bruka henne til overnatting, seier turlagsleiaren.


Veleigna område

- Kva er det som gjer at det er finnåsområdet som har peika seg ut som lokalisering av kysthytta?

- Det er midt på øya. Finnåsområdet har mange gode tur- og friluftslivkvalitetar som gjer området veleigna for ei kysthytte, ikkje minst av di det er kort veg ut til både innsida og utsida av Bømlo, seier Helle, og fortel at turlaget på dei fem åra som har gått minst har vurdert mellom 20 og 30 ulike plasseringsalternativ for ei kysthytte over heile kommunen.

- Ei kysthytte i Hordaland er ein gammal tanke hos Hordaland og Bergen turlag, sidan lenge før Bømlo turlag vart etablert. Dei har sett seg om over heile fylket, men bestemte seg for å satsa på Bømlo etter at turlaget vårt vart etablert. Avgjerda er teken, og her skal kysthytta komma, seier Helle.


Bømlingane ordna tomta

Det lokale turlaget står for kostnadane med å skaffa tomt til hytta, medan det er Bergen og Hordaland turlag som vil finansiera og skaffa støtte til bygging av kysthytta på Bømlo.

- Me har på plass ein god del av finansieringa av tomta allereie, men i og med at det ikkje blei noko av avtalen i 2015, er det nok ein del støttelovnader som må fornyast, seier Helle.

For to år sidan hadde turlaget disponibelt over ein million kroner i støtte til tomtekjøp, går det fram av årsmeldinga deira for 2016.


Siste saker Gå til framsida

Til kvartfinale på walkover

Rubbestadnes speler i kveld kvartfinale i årets Macron vintercup. Siste kampen i gruppespelet enda med siger på walkover.

Havaristen passerte Bømlo

Lasteskipet «Tide Carrier» som gjekk på grunn utanfor kysten av Jæren i går passerte Bømlo på måndag.