Den farlege plasten

Publisert 15.02.2017 kl. 10.27.

Gåsenebbkvalen som svalt i hel fordi han hadde magen full av plastposar og ikkje fekk i seg mat, har skaka folk langs kysten. Me visste at det var gale, men her fekk me plastbruken vår midt i fleisen. Me har alle sett bilete av sel inntulla i nylontau, sjøfuglar som har lidd ein forferdeleg daude fordi dei har vikla seg inn i garnrestar eller fått venger og føter oppskorne av knust glas som har lege der dei har ferdast. Me har også sett sjøfuglar som har bygt reir av blått nylontau og litt samanfiltra tørka tang og tare.

Marin forsøpling har blitt eit stort samfunnsproblem. Mikroplast som flyt i sjøen er nærast blitt ein del av næringskjeda, og helsestyresmaktene går no ut med åtvaring mot å eta sjømat fordi me då kan få i oss farlege mengder av denne plasten via sjødyr. Havområda våre er sjølvaste matfatet vårt, og dersom me ikkje lenger kan våga å eta fisk, reker, krabbe og andre sjødyr, kan verda stå framfor eit gigantisk matvareproblem.

Naturvernforbundet var raskt ute med eit forslag om å totalforby plastemballasje der det enkelt kan erstattast med fornybart og nedbrytbart materiale. Dei meiner at flaskepanten må aukast, og det hadde jo vore ein god stad å starta. Mange ungar kunne tent seg nokre kroner på å panta flasker om dei til dømes kunne fått ein femmar for dei små og ein tiar for dei store. Slikt blir det pengar av. Å erstatta plastemballasje med anna emballasje, til dømes papirposar til å ha frukt og grønsaker i, vil også vera ein god idé. Og kvifor kan ikkje lyspærene og andre hushaldningsartiklar pakkast i papirøskjer igjen? slik det er blitt må ein ha store sakser og knivar for å få opna ei lyspæreinnpakning. Det er ubegripeleg kor mykje som er innpakka i plast!

Sjølv om det burde vore unødvendig, må styresmaktene ha nokre gulrøter å lokka med for å få plastforbruket ned. Då er pant eitt verkemiddel som kan brukast, og billegare handlenett og dyrare plastbæreposar eit anna. Det viktigaste er at me som er vaksne går føre som gode eksempel for ungane. Då er det ikkje det me seier som er viktig, men det me gjer!




Siste saker Gå til framsida

Til kvartfinale på walkover

Rubbestadnes speler i kveld kvartfinale i årets Macron vintercup. Siste kampen i gruppespelet enda med siger på walkover.

Havaristen passerte Bømlo

Lasteskipet «Tide Carrier» som gjekk på grunn utanfor kysten av Jæren i går passerte Bømlo på måndag.