Amanda Eidesvik fekk tysdag Stavanger Søemandsforenings heiderspris. Fra venste,: formann i Stavanger Søemandsforenings Legater, Egil Svela, prismottager Amanda Eidesvik, sjøkaptein Bernt Jarl Berge på skoleskipet M/S «Gann» og formann i Stavanger Søemandsforening, Terje Langvik. Foto: privat

Bømlajente fekk heiderspris

Amanda Eidesvik, elev på skuleskipet «Gann» 2015-2016, har fått Stavanger Søemandsforening sin heiderspris på 10.000 kroner.

Publisert 14.02.2017 kl. 16.41. Oppdatert kl. 16.54.

Kvart år deler Stavanger Søemandsforening ut ein heiderspris på 10.000 kroner. Prisen går til ein kandidat som mellom anna har vist samfunnsengasjement, som har virka til gagn for skipsførarstanden og skipsfarten for øvrig, som har medverka til å ta vare på Stavanger og omegns sjøfartshistorie, og som har utmerka seg i samband med maritim utdanning.

Prisen er eit diplom og ein pengesum på 10.000 kroner. Amanda Eidesvik, som fekk prisen tildelt tysdag, var elev på «Gann» skuleåret 2015-2016.

- Usedvanleg flott elev

I grunngjevinga for tildelinga til Amanda Eidesvik seier leiinga for skuleskipet at Eidesvik er ein usedvanleg flott elev. Ho utmerkjer seg på dei fleste område og er alltid positiv.

Ho har særs gode haldningar til både fag, medelevar og tilsette om bord, og er eit godt føredøme og til inspirasjon for andre. Spennet går frå å bruka fritida si til å gå på skipsbesøk, og til å utnytta tida om bord godt til maritime aktivitetar.

 

 

Siste saker Gå til framsida

Til kvartfinale på walkover

Rubbestadnes speler i kveld kvartfinale i årets Macron vintercup. Siste kampen i gruppespelet enda med siger på walkover.

Havaristen passerte Bømlo

Lasteskipet «Tide Carrier» som gjekk på grunn utanfor kysten av Jæren i går passerte Bømlo på måndag.